Vi var 9 til dei tre siste rundane i vårens andre hurtigsjakkturnering. Det var ingenting å gjere med Ruben, det skal meir enn eit karstykke til for å knekke den karen. Med tre strake kapra Odd Arne andreplassen aleine, medan Toralv og Sigurd delte tredjeplassen. Resultatliste.
No er det siste langsjakkveld komande torsdag før vi avsluttar semesteret med ein uhøgtideleg sjakkveld utan rating, klokke og slike alvorsame ting.