Etter ein fin vår ser vi framover mot hausten

Det er på tide å starte planlegginga av haustsesongen. Vi vil ha eit styremøte i august for å ta kloke avgjerder. Men det hadde vore fint med tilbakemeldingar frå medlemmene på ting som kan forbetrast. Send framlegg til meg på sigurdtjelm@gmail.com eller som sms på 95746021. Vi er spesielt interesserte i tilbakemeldingar på:

Turneringsformatet. Er de nøgde med annankvar urata hurtig (samla turnering) og annankvar rata langsjakk?

Før og etter. Vi har pleid å ha ein eller to kveldar med hurtigsjakk (og no i vår: Fischersjakk) før og etter turneringane. Er de nøgde med det? Ein eller to kveldar?

Sjakkafe og ukrainarar i Kanalveien. Er det noko vi kan forbetre? Er det fleire som kunne tenke seg å vere med på det eine eller andre av dette?

Andre ting. Tilbakemeldingar på kva som helst.

Eg reknar med vi tar spelefri i haustferien slik vi har pleid, og at første spelekvelden vert torsdag 31 august. Eg ser fram til å møte dykk alle igjen!

Wim tok Fischersjakken!

Til siste spelekveld var det 7 frammøtte til Fischersjakk. Wim vann alle tre partia og vann turneringa som einaste med 3 poeng. Gratulerer! Resultatliste. No tek vi sommarferie og møtest att i byrjinga av september. Vi vil ha styremøte i slutten av august for å legge opp haustsesongen, og styret er glad for alle innspel i så måte, og også om andre saker. Det er snakk om at vi kan møtast fredag 16. juni etter arbeidstid på Cafe Opera for uhøgtideleg speling og drøs. Meir om det seinare.

Nest siste sjakkveld før sommaren: Fullt hus!

Vi var 15 til siste hurtigsjakk før sommaren. Ruben vann på betre kvalitet framfor Sigurd. Vi var spesielt glade for å sjå att Wim, som var innom oss før koronaen. Han beit godt frå seg, og vi gleder oss til å spele med han framover. Særs hyggeleg var det og at Abdulla dukka opp, han har helst kjempa for Løperen på eksterne turneringar. Kanskje vil vi sjå Abdulla på fleire torsdagar framover? Resultatliste. På torsdag som kjem vert det Fischersjakk, så går vi inn i sommarferien der vi trenar godt før haustens turneringat.

Vi landar mjukt fram mot sommarferien

Det er to spelekveldar igjen før vi tek sommarferie. Dei er opprinneleg sette opp med Fischersjakk. Nokre har hevda med styrke at den opprinneleg interessa for Fischersjakk har dabba av, og at vi bør erstatte med hurtigsjakk. Forsøk på sinderingar i klubben har synt ulike haldningar, med ei viss overvekt mot hurtigsjakk. Vi tek vare på alle ved først å ha ein hurtigsjakkturnering og så avslutte med ei Fischersjakkturnering, begge over 3 rundar.

Vårens langsjakkturnering er ferdig

No er begge vårens turneringar spela til endes, og Ruben gjorde reint bord. Premieseremoniane vert på komande årsmøte. No gjenstår det to spelekveldar før vi tek sommarferie. Røyster har heva seg for at vi kan erstatte desse oppsette Fischerturneringane med hurtigsjakk, men stemninga under sonderinga i går var ikkje eintydig. Fortsatt mulighet for å melde inn interesse for det eine eller andre før styret bestemmer seg.

  • Hele resultatet kan sees HER

No er det hurtigsjakk i Løperen!

I dag torsdag 4 mai er det nye rundar i vårens hurtigsjakkturnering. Den er ikkje FIDE-rata, og derfor eit meir uhøgtideleg forum for sjakk, gunstig spesielt for nye medlemmer. 3 rundar med 15 minutt pluss 10 sekund per trekk. Alle er hjarteleg velkomne. Etter 17. mai er det ført opp to torsdagar med Fischersjakk. Nokre har teke til orde for at interessa for Fischersjakk ikkje er så glødande som først anteke. Det kunne vere eit alternativ å erstatte den med hurtigsjakk. Meiningar om dette til meg i mail (sigurdtjelm@gmail.com) eller på sms (95746021).

Styremøte 20042023

Vi har nettopp hatt styremøte. Hovudsakeleg for å evaluere vår eksterne innsats, men vi såg også på nokre andre saker. De finn referatet ved å gå til For medlemmer -> Styremøter og årsmøter. For medlemmer er passordbeskytta. Send ein SMS (95746021) eller mail (sigurdtjelm@gmail.com) til meg, så skal eg sende dykk det. Det hadde vore kjekt om fleire medlemmer ville fylgje med i kva styret balar med. Helsing Sigurd

Er det nokre i Løperen som vil hjelpe til under Bergen Spillfestival?

Bergen Spillfestival går føre seg i tidsrommet 27 juli til 13 august. Mellom anna er det aktivitet på Torgalmenningen 2-6 august. Primus motor Ole Valaker spør om det er nokre frå Løperen som vil vere med og hjelpe til under arrangementet. Dette er eit godt høve for oss i Løperen til å kome ut av hola og møte det større sjakkmiljøet i Bergen. Dei som vil vere med og hjelpe til kan sende ein mail til Valaker, ole.valaker@gmail.com, gjerne med ein kopi til meg, sigurdtjelm@gmail.com.