Er det nokre i Løperen som vil hjelpe til under Bergen Spillfestival?

Bergen Spillfestival går føre seg i tidsrommet 27 juli til 13 august. Mellom anna er det aktivitet på Torgalmenningen 2-6 august. Primus motor Ole Valaker spør om det er nokre frå Løperen som vil vere med og hjelpe til under arrangementet. Dette er eit godt høve for oss i Løperen til å kome ut av hola og møte det større sjakkmiljøet i Bergen. Dei som vil vere med og hjelpe til kan sende ein mail til Valaker, ole.valaker@gmail.com, gjerne med ein kopi til meg, sigurdtjelm@gmail.com.

Morten held stand i hurtigsjakken (og i påsken er det ikkje kafesjakk)

Morten er fortsatt i leiinga i hurtigsjakkturneringa, sjølv om Ruben viser form og med tre strake i går tok kraftig innpå. Vi ynskjer spesielt Oleksandr frå Ukraina velkomen. Han vil få mange fine stunder i Løperen framover! Resultatliste. I påsken tek vi heilt fri. Det vert ikkje turneringsspel på skjærtorsdag og det vert ikkje kafesjakk på tysdag.

Harald tok Fischersjakken!

Det vart bare to rundar den siste kvelden med Fischersjakk på grunn av årsmøtet. Harald vann i begge rundar og er klubbmeister i Fischersjakk for 2023. Resultatliste. Årsmøtet bestemte at det i vårhalvåret vert annankvar torsdag med hurtigsjakk og langsjakk, startande tirsdag 2 februar med hurtigsjakk. Vi ynskjer Hans Jacob, Vasco og Merry velkomne til klubben og lovar dei mange gode stunder på torsdagskveldane framover. Meir om årsmøtet litt seinare.

Fin avslutning av semesteret og god jul!

Vi var 4 bord på den siste hurtigsjakken før juleferien og Espen tok sigeren utan poengtap. Resultatliste. Runner-up Odd Arne tok andreplassen aleine. Pass opp for denne karen! No tek vi juleferie og brukar den til å trene såpass at vi kan tukte Espen utpå nyåret ein gong. Det har vore eit godt år for Løperen, med tilsig av trivelege sjakkvener og vi har hatt mange gode stunder saman. Kanskje nyåret vil sjå eit Løperen-lag i 1. divisjon? Kafesjakken held fram på tysdag, men det kan bli den siste før nyåret.