Det vart litt mannefall denne gongen i høve til dei førre gongene, med 3 bord. Det vart to remisar og bare vår nye Fereidun sikra seg heilpoenget etter eit friskt parti mot Andreas. Morten rekna sikrast og stod att med lettoffiser over i partiet mot Odd Arne, men fordelen vitra vekk mot slutten. Ruben og Sigurd kjempa inn i seinkvelden og etter 73 trekk var det bare to betutta og lett slitne kongar att i eit hjørne av brettet. Ein god sjakkveld i Løperen denn gongen og. Resultatliste.
Forfatter: Sigurd Tjelmeland
Kampsjakk i runde 9
I runde 9 var det 5 bord og ingen remisar. Ingen WO – ein god kveld. Resultatliste. No er det to langsjakk-kveldar att før vi sluttar semesteret med to hurtigsjakkturneringar i desember. Den første helga i desember er det seriesjakk – Vi kjem tilbake til det.
Runde 8: Nye folk, 5 bord, god stemning
Det kom to nye langsjakkspelarar, og vi ynskjer Eirik og Andreas hjarteleg velkomne. Vi vart også kjende med 5 gutar av 2001-årgangen, som tykte mest om kjappare sjakk og spelte 5-min lynsjakk seg i mellom. Vi må vurdere om vi skal ha ein hurtigsjakk sideturnering ved sida av langsjakken framover dersom dette oppmøtet held fram. 3 av partia i langsjakkturneringa enda remis, men Sverre og Jostein tok heilpoenga med besluttsomt spel. Resultatliste.
4 1/2 bord i runde 7
Dessverre vart det ein WO også i runde 7, og Espen måtte kose seg med å sjå på meir eller mindre tvilsam brikkemanøvrering hos oss andre. Partiet mellom Karl Erik og Odd Arne peika seg ut som uthaldande kampsjakk til siste slutt, men enda i remis. Resultatliste.
Favorittsigrar i sjette runde
Det var 4 bord i sjette runde, og ingen WO. I eit parti med ubalanserte stillingar og sterk dynamikk vann Espen over Jostein og trygga leiinga. Morten og Toralv vart samde om remis, Reidar knekte Sigurd oppskriftsmessig (kva tid skal vi få has på denne Larsen?) og Lasse vann over Aliaksandra. God stemning som alltid i Løperen. Resultatliste.
På torsdag er det hurtigsjakk!
No i venterferien tar vi ei hurtigsjakkturnering i staden for langsjakken. Eit godt høve for nye til å blie kjende med oss i Løperen. De er velkomne.
Runde 5: Espen opp i leiinga
I runde 5 vart Espen aleine i leiinga. I tillegg til Espen er Jostein ubeseira så langt. Vi var 5 bord denne gongen og, takka vere våre nye Magomed frå Tsjetsjenia og Aliaksandra frå Belarus. Resultatliste.
Runde 4: 5 bord
I runde 4 var det 5 bord, godt oppmøte. Dessverre vart det ein WO denne gongen og. Vi trivst godt med haustens tilsig: Mikael, John og Jostein. På torsdag som kjem er det ny langsjakk og torsdagen deretter (haustferien) er det hurtigsjakkturnering under leiing av Harald. Resultatliste.
Ny runde i kafesjakk-turneringa, og vi er i avisa!
Tysdag 31. mai var det fullt oppmøte frå Læringssenteret igjen og vi køyrde ein ny runde i turneringa. Og sjå her, vi er i skuleavisa!
Vårsesongen i Løperen er slutt, men kafesjakken held fram – med turnering!
I dag var det ingen frå Læringssenteret med på kafesjakken i Mat og Prat – dei var opptekne med prøve. Men vi frå Løperen spela ein runde i turneringa likevel. Turneringa i Mat og Prat er open for alle og rundetrekking er kl 11 kvar tysdag for at elevar frå Læringssenteret kan vere med. Vi brukar klokke og har lagt oss på formatet 15 minutt ved start og 10 sekund ekstra per trekk. Ein runde kvar gong.
No vert det turnering hos Mat og Prat!
Tirsdag 3. mai var det stort sett Løperen-medlemmer som spilte sjakk (innvandrerne hadde fri etter den store Id-feiringen). Turneringen med deltakarar frå Læringssenteret, andre frå Mat og Prat og medlemmer i Løperen blir utsatt til 10. mai. Altså:
.
- 10. mai Turnering
- 17.mai er det fri på Norges nasjonaldag.
- 24. mai blir kafé-sjakk igjen (Sverre og Harald tlf. 415 20 884)
- 31. mai kafé-sjakk (Sverre og Toralv 957 68 176)
- Og videre ut i juni (7, 14. og 21.)
Runde 6: To korte og eitt langt
Vi var 6 oppmøtte til runde 6, heldigvis jamnt antal. To av partia var ferdige før kl 20, det har nok ikkje hendt før. Men Svein Erik og Odd Arne heldt koken og skapa eit gnistrande parti i italiensk opning. Resultatliste.
5. runde: Uendra i leiinga
I 5. runde var det også bare 5 frammøtte. Espen vart trekt ut til WO og med Reidars vinst vart det dermed uendra i leiinga. Resultatliste.
4. runde: Delt i leiinga
Reidar nytta Espen sitt fråver i 4. runde til å rykke opp i delt leiing. Dessverre vart det odde antal denne gongen, så Toralv måtte reise heim med WO. Vi var bare 5 oppmøtte denne gongen , dei andre nytta nok godveret til å spele sjakk i parkane mot forbipasserande. Resultatliste.
Tredje runde: Nye spelarar og Espen i leiinga
I tredje runde hadde vi gleda av å helse på Abdulla, David og Jarle Arvid. Vi ser fram til fleire trivelege sjakkparti med dei framover. I teten ligg no Espen, Reidar og Odd Arne. Vi andre skjerpar oss og byd dei kamp ved neste høve. Resultatliste.