Det livnar til på sjakkafeen

Sjakkinteresserte elevar på Læringssenteret har fatta interesse for sjakkmiljøet på Mat og Prat, og pregar kafeen kvar tysdag frå 11 til 12. Etter det går sjakkafeen som normalt. Her er bilete frå dagens sjakk-vrimling. Se flere bilder inne i innlegget:

Morten og Svein Solheim (gammelt medlem fra Løperen
Toralv underviser
Ungdom fra Nygård Læringsenter

Espen tok hurtigsjakken og no er det seriesjakk

Vi var 6 spelarar denne gongen – av dei lukksalege hendingane der vi er jamnt tal. Vi ynskjer spesielt Odd Arne velkomen. Han kjem frå Mat og Prat-miljøet og gjorde ein sterk innsats. Han får nok mange lukkelege stunder i Løperen i tida som kjem. Resultatliste.

I dag er det seriesjakk, vi ynskjer oss lukke til. Skranevatnet skole på Sandsli, møt opp i rimeleg god tid.

Hurtigsjakkturnering

Vi var 5 til den første av to hurtigsjakkturneringar mellom vårens to langsjakkturneringar. I kvar runde fekk såleis ein WO og kunne kose seg som tilskodar. Vi minner om at desse hurtigsjakkturneringane er meir uhøgtidelege enn dei rata langsjakkturneringane, og godt eigna for nyfikne stikk-innom spelarar. Alle er velkomne torsdag som kjem, med eller utan klubbmedlemsskap. Resultatliste.

Velkomen til hurtigsjakkturnering på torsdag

Denne torsdagen og neste er det hurtigsjakk det gjeld, ein avslutta turnering over fleire rundar kvar gong. Desse turneringane er ikkje rata, og såleis meir uformelle enn langsjakkturneringane. Formatet er 15 min på klokka ved start, og 10 sekund tillegg per trekk. Hurtigsjakkturneringane er fine inngangar til Løperen for nye spelarar, og alle vil bli tekne varmt imot.

Runde 3: Gamlingane gjekk ned!

Over 50-delen av Løperen hadde ein dårleg dag i runde 3 og gjekk ned alle saman. Ordtaket «Du kan ikkje lære ein gammal hund å gøy» vart grundig motprova. Her var ikkje anna å gjere enn å tusle seg heim og finne fram sjakkbøkene att. Reidar er no i leiinga, der 4 spelarar har 2 poeng. Vi var 6 spelarar i denne runden og, vi ventar stadig på vårflaumen av nyinnmelde. Resultatliste.

Andre runde: Bare avgjorde parti endå ein gong!

Det må vere mykje kampånd i Løperen, vi har no gått gjennom to rundar og 7 parti utan remis. Vi var 6 spelarar i runde 2. Resultatliste. Nytt av året er at resultata vert rapporterte inn til FIDE ved utgangen av kvar månad. Så er du nyfiken på kva din vinst eller tap har gjort med ratinga di, ta ein kikk på FIDES ratingliste. Du søker på «FIDE rating» og tar det derfrå.