I første runde i den første av dei to rata vårturneringane i langsjakk møtte det opp 8 spelarar. Vi gler oss spesielt over ein ny spelar, Bjarne Lavik, som vann sitt parti og er med i leiinga. No er det bare å gle seg til dei neste 6 rundane med langsjakk. Resultatliste.
Forfatter: Sigurd Tjelmeland
Velkomen til langsjakk!
På torsdag startar vårens første langsjakkturnering, som varer til 3. mars. Deretter vert det to hurtigsjakkturneringar der nye spelarar er velkomne. Så er det ny langsjakkturnering. Langsjakken er rata, spelarar som enno ikkje er innmelde i klubben er velkomne til å vere med, men bør melde seg inn i Løperen som hovud- eller bimedlem før turneringsslutt.
Helge tok den andre hurtigsjakken!
Vi var 6 spelarar på årets andre hurtigsjakkturnering. Helge vann med same poengsum som Espen. Neste gong startar den første rata langsjakkturneringa! Resultatliste.
Velkomen til andre hurtigsjakkturnering på torsdag 1830
På torsdag tar vi ein ny hurtigsjakkturnering før vi byrjar med vårturneringa. Start som vanleg kl 1830. Her kan kan førebels uinnmelde møte opp for å kjenne korleis det er å spele sjakk over brettet.
Vi er i gang!
Torsdag 6 januar starta vi opp att etter julefeiringa. Det vart avvikla eit årsmøte i forkant av hurtigsjakkturneringa, 6 spelarar deltok i turneringa. Resultatliste.
Saker på årsmøtet:
Årsmelding: Ei fin oversikt overaktiviteten i 2021, som årsmøtet ikkje hadde nokre merknader til.
Økonomi: Vi har ein grei økonomi til det aktivitetsnivået vi ligg på.
Korona: Det er turbulente tider, men stemninga var for å halde fram etter planen og fylgje smittevernreglane. Men det er uvisse, og styret vil kontakte dei som ikkje var med i går om grunnen var frykt for smitte. Vi vil fylgje med og kan gå på nett dersom situasjonen forverrar seg.
Sjakk og Samfunn: Vi vil stø opp om sjakkspeling på kafeen på Engen (rett sør for Sentralbadet, inn på ein gårdsplass), i tilknytting til omsorgssenteret og Nygård skole, kvar tysdag 11-13. Svein Erik og Toralv stiller førstkomande tysdag. Dette kan vere hyggeleg for alle som tek ein tur til byen.
Takk for i år!
Styret har hatt møte og vedteke å avlyse den siste hurtigsjakkturneringa som var oppsett 9. desember. Vi har vore så få dei siste gongene, og har alt forfall til denne torsdagen. Det har vore eit fint sjakkår, med mykje gaman over brettet, trass koronaen.
Vi møtest att torsdag 6. januar 2022 til årsmøte kl. 1730 og påfylgjande hurtigsjakkturnering kl 1830. Grundigare innkalling seinare.
Haustturneringa er ferdig
Til siste runde møtte det fire deltakarar. Her er resultatlista til slutt. Neste fredag er det seriesjakk, og vi vurderer derfor å avlyse hurtigsjakkturneringa på torsdag, det kan bli i overkant med to kveldar etter kvarandre for ein så liten klubb. Kommentarar til dette kan sendast på SMS til 95746021. Meir om dette seinare.
Velkomen til siste runde i haustturneringa idag!
Så er det tids for å gå inn for landing i det som har vore ei hugnadsfull turnering, om enn med litt knapt med deltakarar. Alle er velkomne, også dei som med dette får bare ein runde. Trekning som vanleg kl 1830. Kjem du nokre minutt for seint, så gje eit ord på 95746021, så vert du med i trekninga likevel.
Runde 9: Helge og Harald vann
Helge knekte turneringsleiar Sigurd i ein langdryg Caro-Kann der kvit sitt bondeovertak på dronningfløyen vart avgjerande. Harald slo Svein Erik i eit parti der det vart rapportert om ujamnt spel. Morten og Einar spela remis i eit parti der det vart rapportert om skikkeleg sjakk. Resultatliste.
Førstkomande torsdag er siste runde i haustturneringa. Det ser ut til at den tillyste hurtigsjakkturneringa 2. desember kan måtta utgå, fordi det då er runde i seriesjakken. Meir om dette seinare.
Velkomen til runde 9
Dette er nest siste runde. Trekning og start kl 1830 som vanleg. 2 sjansar att til å forbetre plasseringa, nytt dei godt!
Runde 8
I runde 8 spela Harald og Svein Erik og Morten og Einar remis, medan Sigurd fekk med seg heile poenget mot Reidar. No er det bare to rundar att å gjere det på! Resultatliste.
Velkomen til runde 8
På torsdag 11. er det ny runde i langsjakken, som vanleg kl 1830. Vert du nokre minutt for sein, så gje eit ord på 95746021, så vert du med i trekninga likevel. Det viste seg sist gong at det er plass til fleire.
Runde7: Bare gamlingar denne gongen og
7 personar møtte opp til runde 7, og Helge måtte dessverre reise heim med walk-over. Ungdommane gjer turneringa spennande ved å halde seg borte frå mellomrundane for å kjempe om turneringssigeren på slutten. Men det byrjar bli bare tid og veg i så måte. Det vart nok ikkje bare feilfrie parti denne gongen heller, for å seie det på den måten. Men son alltid: Hugkveikande kampsjakk. Resultatliste.
Sjakk og Samfunn: Løperen med på laget til Nesttun Eldresenter
På mandag stilte Løperen med Harald og Toralv på laget til Nesttun eldresenter under meisterskapen for seniorar i digital langsjakk. Kjekt at Løperen kan vere med og stø opp under satsinga på seniorsjakk i regi av Sjakk og Samfunn. Det var tekniske problem i den andre av tre rundar, men bortsett frå det vert det rapportert om ei god oppleving. (Foto: Harald)
![](http://www.xn--lperen-bya.no/wp-content/uploads/2021/11/IMG_03561-1024x768.jpg)
Runde 6: Formannen er tilbake
I runde 6 var det også bare 5 oppmøtte, og Morten fekk ein trasig WO. Harald slo Einar, og Sigurd fekk eit overmåte heldig halvpoeng mot Svein Erik, som vende utkvild og skjerpa tilbake frå utlægd. Resultatliste.