Vi var 10 som drog i gang haustens hurtigsjakkturnering. Det var gildt å treffast att etter sommaren. Etter mykje flaks tok Sigurd full pott og leiar no turneringa, fylgt av Ruben og Svein Erik. Vi ynskjer vår nye Leif Harkestad hjarteleg velkomen i klubben! Resultatliste.
Forfatter: Sigurd Tjelmeland
Løparane er fint ferdig!
Landsturneringen er ferdig og vi har ikke mye å skryte av, men moro var det på et nydelig sted og høyfjellshotell. Oversikt over resultater HER .
Alle mine parti kan sees på lenken under her i kommentarene.
I runde 5 fleska Svei Erik til med Fried Liver og valsa ned motstandaren. Morten vann også sitt parti. Klatringa har starta!
Sosial og uformell sjakkveld!
No på torsdag avsluttar vi vårsesongen med ein sosial kveld der vi legg vekk tankar om rata parti, ikkje pakkar opp sjakklokkene og kosar oss med uformell sjakk og høveleg servering. Eit godt høve for nye til å bli kjende med oss i Løperen. Velkomne alle!
Ruben tok langsjakken, Toralv på andreplass
Ruben gjekk gjennom turneringa utan tap og tok ein suveren siger. Toralv kapra andreplassen. På siste ordinære spelekveld var vi bare to bord, men heldigvis ingen WO. Resultatliste.
I kveld er det avslutning av vårens langsjakk – siste ordinære spelekveld
Vi avsluttar langsjakkturneringa i dag, velkomne alle. Minner om at det er god plass slik at vi kan bruke det store rommet. Neste torsdag prøver vi med ein meir uhøgtideleg kveld utan turnering og klokke. Vert det vellukka, gjentek vi det i desember.
Ruben tok hurtigsjakken, Odd Arne på andreplass!
Vi var 9 til dei tre siste rundane i vårens andre hurtigsjakkturnering. Det var ingenting å gjere med Ruben, det skal meir enn eit karstykke til for å knekke den karen. Med tre strake kapra Odd Arne andreplassen aleine, medan Toralv og Sigurd delte tredjeplassen. Resultatliste.
No er det siste langsjakkveld komande torsdag før vi avsluttar semesteret med ein uhøgtideleg sjakkveld utan rating, klokke og slike alvorsame ting.
Langsjakken runde 8: Labert frammøte
Det var bare 4 spelarar i runde 8, men heldigvis ingen WO. Resultatliste.
Kven vil gje eit handslag til innvandrarar?
Vi har tidlegare hatt etter mi meining gode aktivitetar retta mot innvandrarar, både i Mat og Prat og i Kanalveien. Og ikkje minst innvandrar-turneringane har fungert bra. Etter at Læringssenteret for til Landås, har Mat og Prat blitt ein rein sjakkafe, sjølv om vi kanskje kunne tenke på tiltak for å restaurere sjakkinteressa hos dei som bur på omsorgssenteret.
No er Inkluderingssenteret og Læringssenteret samlokaliserte på Landås, og begge ser gjerne at vi kjem opp med sjakk til dei. Dei opnar ein kafe der i mai. Førebels er ingenting avtalt, og vi veit ikkje om det er mest interesse for undervisning elller bare speling (under kyndig rettleiing frå Løperen).
Kunne dei av dykk som har lyst til å vere med gje meg eit ord om kva dagar/tidspunkt som kan eller ikkje kan vere aktuelle? SMS: 95746021, mail: sigurdtjelm@gmail.com. Helsing Sigurd.
Langsjakken: Ruben-skuta siglar stødig!
På tordagens runde i langsjakken var det 9 frammøtte, og Sigurd måtte tusle seg heim med WO. Det var bare avgjorte parti – kvar er remiserarane vortne av? Ruben tok sin sjette strake og ser ut til å gå uhindra i mål som vinnar av turneringa. Elles vann Toralv, Sverre og Odd Arne sine parti. Resultatliste.
Vi er godt i gang med vårens andre hurtigsjakkturnering!
Vi var 4 bord og ingen WO på den første spelekvelden etter påske. God stemning og tidvis sterkt spel, men Løperen er enno ikkje heilt fri for ein og annan bukk. Resultatliste.
Hurtigsjakkturnering på Lichess søndag 7 april kl 18
Ruben inviterer til hurtigsjakkturnering på Lichess neste søndag kl 18. Meld dykk inn i Lichess-klubben Løperen Sjakklubb (lagleiarar: Ruben og Svein Erik) og bli med. Lenke til turneringa.
Runde 6 i langsjakken: Ruben styrer mot siger
Vi far 4 bord i runde 5, og ingen WO. Ruben vann over Morten og med 6 strake ser han ut til å styre mot siger i turneringa. Men kven veit, kanskje vi andre skjerper oss og byd han kamp framover? Sverre (S) vann over Odd Arne og tok sin fyrste siger i Løperen etter fokusert og nøyaktig spel. Jan Øystein måtte til slutt ned mot Sigurd etter ein lang batalje som kunne ha gått begge vegar. Trass i stor vinnarvilje frå begge vart det remis mellom Svein Erik og Toralv etter eit langt parti. Resultatliste.
Toralv og Jostein tok før-påske hurtigsjakken!
I går var siste spelekveld for hurtigsjakkturneringa før påske. I Josteins fråver nytta Toralv høvet til å kome opp på delt førsteplass, med god margin til resten av feltet. Vi var 4 bord, og stemninga var som vanleg god. Komande torsdag vert det langsjakk att, og den turneringa går ubroten fram til sommaren. Etter påske vert det ny hurtigsjakkturnering. Resultatliste.
Runde 5 i langsjakken: 5 bord og Ruben i tet
Vi ser ut til ¨å ha eit relativt stabilt oppmøte på 5 bord, sjølv om det er mykje skifte frå gong til gong. Ruben er aleine i tet, men det er enno langt fram. Resultatliste:
Runde 4 i langsjakken: 5 bord og Wim og Ruben i leiinga
Vi var 11 frammøtte. Odd Arne måtte dessverre avstå med WO, det tok han med fatning. Etter at Morten gjekk ned mot Ruben og Wim vann sitt parti, er no Wim og Ruben i tet med 3 poeng. Men det er langt fram, og sjansar for andre. Vi ynskjer våre nye Sverre og Jan Øystein hjarteleg velkomne i klubben. Resultatliste.