Odd Arne driv sjakkurs for elever frå 4. til 7. klasse i Paviljongen i Åsane. Det er stor interesse og god stemning, fortel han.
Forfatter: Sigurd Tjelmeland
Langsjakk i dag!
I dag er det langsjakk att, 1 time og 30 minutt pluss 30 sekund per trekk. Dei som er med på langsjakken bør vere medlemmer i klubben, sidan langsjakken er FIDE-rata. Velkomne alle!
Hurtigsjakken: Toralv og Wim med tre strake!
Vi var 5 bord pluss ein WO til runde 10-12 i hurtigsjakkturneringa. Toralv og Wim imponerte med tre strake og arbeider seg stødig oppover på resultatlista. Men Jostein held framleis stand i toppen. Det var fleire nye ungdommar med stødig brikkeføring og vi ynskjer August, Kenneth og Thomas hjarteleg velkomne i klubben!
Sannsynlegvis må neste hurtigsjakkveld den 29. februar avlysast på grunn av arrangement i lokala. Vi kjem tilbake til det seinare.
No er det hurtigsjakk!
I morgon torsdag held vi fram med hurtigsjaakkturneringa. Det vert tre rundar med 15 minutt pluss 10 sekund per trekk. Turneringa er ikkje FIDE-rata, så den er eit godt alternativ til dei som styggjest lang tenketid og det alvoret som ligg over internasjonal rating. Nye og gamle er velkomne!
Morten leiar langsjakken
Morten er komen best i gang i langsjakken og leiar no turneringa med eit halvt poengs forsprang til Ruben, Sverre, Wim og John. I motsetnad til dei fleste andre i klubben er Morten totalt upredikerbar i opninga, denne gongen måtte Svein Erik ned mot ei Reti-opning. John rekna lengst og sikrast og slo gjennom på kongefløyen før Sigurd kunne realisere sine voner til ein fribonde på dronningfløyen. I den skarpe Botvinnik-Panov varianten i Caro-Kann måtte Wim til slutt ned mot Ruben i eit langt og solid parti. Vi var bare 3 bord, men ingen WO og god stemning. Resultatliste.
5 bord i hurtigsjakken!
Vi var 10 frammøtte, og fylte godt opp i rommet, no som konfirmantundervisninga har byrja i HEF sine lokal. Jostein er i udelt leiing etter tre strake sigrar, eit hakvt poeng før Odd Arne. Resultatliste.
Runde 2 i langsjakken: Wim og Sverre i tet
Vi var 11 frammøtte og dermed 5 bord. Dessverre måtte John reise heim på WO. Wim og Sverre vann sine parti og har eitt poengs forsprang. Men det er langt igjen! Resultatliste.
Årsmøte (og langsjakk) på torsdag
På torsdag startar vi kl 18 og held årsmøte fram til kl 19. Det vert servering (pizza, drikke og is), hyggeleg drøs og årsmåtesaker. Vi køyrer tilsvarande sakliste som i fjor:
- Økonomi, fastsetje medlemskontingent og vedta budsjett
- Val
- Innkomne framlegg (sendast meg på førehand (95746021, sigurdtjelm@gmail.com)
- Speleplan (Styret har vedteke ein plan, men årsmøtet kan justere)
- Anna
Hjarteleg velkomne, nye og gamle!
Vi vil avhende nokre gamle sjakklokker til ein ganske overkomeleg pris.
Harald held stand i hurtigsjakken
Det var 9 frammøtte til andre spelekveld i hurtigsjakken, Vi ynskjer våre nye Sondre og Vegard hjarteleg velkomne i klubben, Resultatliste.
Harald i føringa i hurtigsjakken!
De var 9 oppmøtte til starten av hurtigsjakken, og Harald tok tre strake. Resultatliste.
Vel møtt på torsdag – vi prøver med to klassar i turneringane!
Vi startar turneringssesongen med hurtigsjakk på torsdag, og nytt av året er at vi prøver oss med ein a-klasse og ein b-klasse, slik at dei mest avslappa av oss kan bli skjerma frå den verste konkurransegløden i a-klassen. Folk kan skifte fritt mellom klassane. Bare a-klassen tel i klubbmeisterskapen.
Vi startar opp torsdag 4. januar. Årsmøtet er 25. januar.
Styret har bestemt at vi alternerer mellom langsjakk og hurtigsjakk også i 2024, og første spelekveld er 4. januar med hurtigsjakk. Årsmøtet vert torsdag 25. januar kl 18-19, og vi har spelekveld (langsjakk etter det, altså start ein halv time seinare enn vanleg). Vi startar friske og opplagde etter julefeiringa, og med påfyll av glød frå romjulas VM i fartsdisiplinane. Vel møtt på nyåret. Julehelsing frå styret.
Se referat HER
Seriesjakken – Løperen slår tilbake neste gong!
Den første helga i seriesjakken ga bare så måteleg uttelling for Løperen. Vi vann eitt og anna parti, men tapte alle kampane. Vi vonar å kome sterkt tilbake andre helga i byrjinga av februar etter at vi har skjerpa spelet i løpet av juleferien. Det var godt å sjå tilbake spelarar som har vore vekke ei stund: Jostein, Lasse og Abdulla. Sverre har gjort ein kjempejobb med laguttaka og med å få spelarar på plass til dyst. Takk skal du ha, Sverre!
Fischersjakk resultater !
Lulseged er tilbake – og vant Fischer-turneringen med 3 poeng over 3 runder. Deretter kom Odd Arne, Petter og Harald med 2 poeng. Se hele resultatet HER.
På torsdag vert det ei Fischersjakkturnering. Vi tek tre rundar med med 15 min pluss 10 sekund per trekk. Fire dagar til å førebu seg ved å rote til startopstillinga. Turneringsleiar er Harald Fuglseth, tlf 41520884. Vel møtt alle. Turneringa er ikkja rata og høver godt for nye stikk-innom spelarar. Vel møtt alle!
Abdulla vann turneringa for innvandrarar
Løperen v/Harald Fuglseth har arrangert ei hurtigsjakkturnering for innvandrarar. Vertskap var Ukrainarforeninga i Fredlundveien. Dei tre beste:
Abdulla Ahmeda
Lulseged Beyene Kassa
Roman Kutsenko
Abdulla har vore med i Løperen ei stund, han kom inn frå aktiviteten i sjakkafeen Mat og Prat.