Vi startar opp 31 august!

Torsdag 31. august vert første speledagen i haustsesongen. Vi startar med hurtigsjakk og alternerer med FIDE-rata langsjakk utover i sesongen, før vi sluttar med ei Fischerturnering og ei lynsjakkturnering. Siste spelekveld er 7. desember. Det skal bli fint å treffast att etter sommarfråveret. Eit spesielt velkomen til nye medlemmer. Vi har eit tilbakelent og uhøgtideleg tilhøve til folk som kjem og går når det gjeld hurtigsjakken, men dei som skal vere med i langsjakkturneringa bør betale klubbkontingenten, helst før første langsjakkveld.

(Se detaljert oversikt under meny-punktet «Kalender !!!!» oppe lengst til høyre på hjemmesiden).

Høve til å setje farge på byen 2-6 august!

Gode Løparar. Bergen Spillfestival står for døra og 2-6 august dreier mykje seg om sjakk. Sjå her kva Ole Valaker har lagt ut. Vi skulle i utgangspunktet stille med 2 personar, men uføresette hendingar gjer at vi har kome litt i manko. Derfor hadde det vore kjekt om det var fleire i Løperen som kunne ta turen nedom Torgallmenningen i denne perioden for å spele sjakk med folk som kjem forbi, og slå av ein sjakkprat. Har du høve, så gje beskjed til meg (95746021 eller sigurdtjelm@gmail.com), så skal eg prøve å koordinere på eit vis. Det vil bli ei gjevande stund for dei som stiller. –

Vi har fått Morten og Svein Erik til å stille fra ons. 2/8 til fre. 4/8. – Men vi mangler folk i helgen fra lør. 5/8 til søn. 6/8.

Midt på bilde sitter Liam og Ariza, og konferansier Ole Kvamme. Og langt bak i andre enden står Ole Valaker
Og her dukket Espen opp – flotte greier
Sverre instruerer og spiller sjakk med byens borgere

Etter ein fin vår ser vi framover mot hausten

Det er på tide å starte planlegginga av haustsesongen. Vi vil ha eit styremøte i august for å ta kloke avgjerder. Men det hadde vore fint med tilbakemeldingar frå medlemmene på ting som kan forbetrast. Send framlegg til meg på sigurdtjelm@gmail.com eller som sms på 95746021. Vi er spesielt interesserte i tilbakemeldingar på:

Turneringsformatet. Er de nøgde med annankvar urata hurtig (samla turnering) og annankvar rata langsjakk?

Før og etter. Vi har pleid å ha ein eller to kveldar med hurtigsjakk (og no i vår: Fischersjakk) før og etter turneringane. Er de nøgde med det? Ein eller to kveldar?

Sjakkafe og ukrainarar i Kanalveien. Er det noko vi kan forbetre? Er det fleire som kunne tenke seg å vere med på det eine eller andre av dette?

Andre ting. Tilbakemeldingar på kva som helst.

Eg reknar med vi tar spelefri i haustferien slik vi har pleid, og at første spelekvelden vert torsdag 31 august. Eg ser fram til å møte dykk alle igjen!

Wim tok Fischersjakken!

Til siste spelekveld var det 7 frammøtte til Fischersjakk. Wim vann alle tre partia og vann turneringa som einaste med 3 poeng. Gratulerer! Resultatliste. No tek vi sommarferie og møtest att i byrjinga av september. Vi vil ha styremøte i slutten av august for å legge opp haustsesongen, og styret er glad for alle innspel i så måte, og også om andre saker. Det er snakk om at vi kan møtast fredag 16. juni etter arbeidstid på Cafe Opera for uhøgtideleg speling og drøs. Meir om det seinare.

Nest siste sjakkveld før sommaren: Fullt hus!

Vi var 15 til siste hurtigsjakk før sommaren. Ruben vann på betre kvalitet framfor Sigurd. Vi var spesielt glade for å sjå att Wim, som var innom oss før koronaen. Han beit godt frå seg, og vi gleder oss til å spele med han framover. Særs hyggeleg var det og at Abdulla dukka opp, han har helst kjempa for Løperen på eksterne turneringar. Kanskje vil vi sjå Abdulla på fleire torsdagar framover? Resultatliste. På torsdag som kjem vert det Fischersjakk, så går vi inn i sommarferien der vi trenar godt før haustens turneringat.

Vi landar mjukt fram mot sommarferien

Det er to spelekveldar igjen før vi tek sommarferie. Dei er opprinneleg sette opp med Fischersjakk. Nokre har hevda med styrke at den opprinneleg interessa for Fischersjakk har dabba av, og at vi bør erstatte med hurtigsjakk. Forsøk på sinderingar i klubben har synt ulike haldningar, med ei viss overvekt mot hurtigsjakk. Vi tek vare på alle ved først å ha ein hurtigsjakkturnering og så avslutte med ei Fischersjakkturnering, begge over 3 rundar.

Vårens langsjakkturnering er ferdig

No er begge vårens turneringar spela til endes, og Ruben gjorde reint bord. Premieseremoniane vert på komande årsmøte. No gjenstår det to spelekveldar før vi tek sommarferie. Røyster har heva seg for at vi kan erstatte desse oppsette Fischerturneringane med hurtigsjakk, men stemninga under sonderinga i går var ikkje eintydig. Fortsatt mulighet for å melde inn interesse for det eine eller andre før styret bestemmer seg.

  • Hele resultatet kan sees HER