Fin avslutning av semesteret og god jul!

Vi var 4 bord på den siste hurtigsjakken før juleferien og Espen tok sigeren utan poengtap. Resultatliste. Runner-up Odd Arne tok andreplassen aleine. Pass opp for denne karen! No tek vi juleferie og brukar den til å trene såpass at vi kan tukte Espen utpå nyåret ein gong. Det har vore eit godt år for Løperen, med tilsig av trivelege sjakkvener og vi har hatt mange gode stunder saman. Kanskje nyåret vil sjå eit Løperen-lag i 1. divisjon? Kafesjakken held fram på tysdag, men det kan bli den siste før nyåret.

3 bord i runde 10

Det vart litt mannefall denne gongen i høve til dei førre gongene, med 3 bord. Det vart to remisar og bare vår nye Fereidun sikra seg heilpoenget etter eit friskt parti mot Andreas. Morten rekna sikrast og stod att med lettoffiser over i partiet mot Odd Arne, men fordelen vitra vekk mot slutten. Ruben og Sigurd kjempa inn i seinkvelden og etter 73 trekk var det bare to betutta og lett slitne kongar att i eit hjørne av brettet. Ein god sjakkveld i Løperen denn gongen og. Resultatliste.

Runde 8: Nye folk, 5 bord, god stemning

Det kom to nye langsjakkspelarar, og vi ynskjer Eirik og Andreas hjarteleg velkomne. Vi vart også kjende med 5 gutar av 2001-årgangen, som tykte mest om kjappare sjakk og spelte 5-min lynsjakk seg i mellom. Vi må vurdere om vi skal ha ein hurtigsjakk sideturnering ved sida av langsjakken framover dersom dette oppmøtet held fram. 3 av partia i langsjakkturneringa enda remis, men Sverre og Jostein tok heilpoenga med besluttsomt spel. Resultatliste.