Runde7: Bare gamlingar denne gongen og

7 personar møtte opp til runde 7, og Helge måtte dessverre reise heim med walk-over. Ungdommane gjer turneringa spennande ved å halde seg borte frå mellomrundane for å kjempe om turneringssigeren på slutten. Men det byrjar bli bare tid og veg i så måte. Det vart nok ikkje bare feilfrie parti denne gongen heller, for å seie det på den måten. Men son alltid: Hugkveikande kampsjakk. Resultatliste.

Sjakk og Samfunn: Løperen med på laget til Nesttun Eldresenter

På mandag stilte Løperen med Harald og Toralv på laget til Nesttun eldresenter under meisterskapen for seniorar i digital langsjakk. Kjekt at Løperen kan vere med og stø opp under satsinga på seniorsjakk i regi av Sjakk og Samfunn. Det var tekniske problem i den andre av tre rundar, men bortsett frå det vert det rapportert om ei god oppleving. (Foto: Harald)

Velkomen til runde 3

Runde 3 i Løperens haustturnering: Torsdag 30.oktober kl 1830. Denne gongen er det Harald som står for trekkinga.

Før runden startar – kl 1700 – vil nokre av dei eldste og mest fotogene i klubben stille opp for Sjakk og Samfunn til ein instruksjonsvideo i samband med ei stor seniorturnering over nett den 1. november.